Dette er eit langt innlegg, og eg har først og fremst posta det fordi eg hadde behov for å skrive litt i kveld. Eg forstår godt om ein ikkje orkar lese alt saman.
Det var ein kamerat av farfar som misbrukte meg. Eg hugsar ikkje kor gammal eg var då det heile starta. Eg hugsar ikkje kor lenge det holdt på. Eg hugsar ikkje fordi eg har jobba svært hardt for å gløyme. Men eg hugsar ein del episodar og hendingar. Og ser eg på bilete, så hugsar eg redsla som prega meg i den perioden. Eg hugsar at eg i løpet av tida flytta rom og fekk køyeseng heime. Eg hugsar at søskenbarnet mitt vart født medan det heldt på, og også at bror min hadde med seg kjærasten på besøk til farmor og farfar medan det framleis heldt på. Eg veit at det slutta før dei to gjorde det slutt. Men eg hugsar ikkje når det var. Eg har sett eit bilete som eg veit at vart teke heilt i starten av det, eg trur eg er omkring sju eller åtte der. Men eg kan og vere seks elle ni. Eg veit ikkje. På bilete står eg og held opp ein fisk som eg har fått. Me er på hytta. Saman med meg er barnebarnet til kameraten til farfar. Og den som tek biletet er farmor. Og eg hugsa at eg gliste stolt fordi farmor skrytte av den flotte fisken eg har fått. Men inni meg var eg livredd han som sto bak der og smilte lurt. Det var ikkje fisken som var grunnen til at han smilte til meg, og eg kan enda kjenne den byrjande kjensla av skam. Den kjensla var ekstremt sterk seinare, på dette tidspunktet var det redsla som hadde overtaket, og eg har skjønt at dette bildet er nok teken heilt i starten.
Eg klarar ikkje sette opplevingane mine i noko kronologisk rekkefølge. Ein del av dei klarar eg ikkje skrive om, dei er for vonde, for fulle av skam, for ekle, for triste. Eg trur at det var omtrent på same tida som dette bildet eg skriv om over vart teke at eg var på besøk hos kameraten til farfar og barnebarnet. Kanskje noko seinare, kanskje noko før. Men omtrent på same tid i alle fall. Kameraten til farfar skulle vere barnevakt, eg veit ikkje heilt kvifor. Kanskje var det slik at farmor og farfar skulle i ei gravferd, kanskje ville eg berre besøke barnebarnet. Eg hugsar ikkje mykje av denne dagen, men eit av dei sterkaste minna eg har, som eg opplever igjen og igjen i draume, er frå denne dagen. Eg, barnebarnet og kameraten til farfar er på ei åpning i skogen. Det er ei ganske stor åpning, graset er ganske høgt og det er tydeleg at me er eit stykke unna hus og folk. Han har lova at han skal vise oss noko hemmeleg. Me har med oss eit pledd, og me brukar tid på å lage eit telt av pleddet og greiner me finn i skogen rundt. Barnebarnet hans er ivrig og vil teste ut teltet, men han seier at me skal gå inn der etter tur, for det er ikkje plass til alle saman på ein gong. Han skal først gå inn der, og så kan me kome inn ein og ein. Den andre skal sitte utanfor og vere vakt dersom nokon skulle ville kome og rive den nye borga vår. Me er ivrige med på leiken. Først skal eg få kome inn i teltet, sidan eg er på besøk. Utanfor er det sterk sol, og eg hugsar at lyset inne i teltet er litt oransjeraudt fordi teppet er raudt med tynt, stort rutemønster i. Det er varmt denne dagen, så me har berre shorts og T-skjorte på. Han ligg på ryggen der inne, han har ikkje T-skjorte på. Han er tjukk, og har masse hår på brystet og magen. Han ligg med eine handa under hove og spør om eg synest det er fint der inne. Klart eg gjer, det er jo ei heilt eiga borg jo! Eg seier at eg likar det oransjeraude lyset, og han seier at det likar han også. Han spør om eg har lyst til å prøve å ligge litt oppå han, sånn at eg ligg med ryggen min mot brystet og magen hans. Eg har ei kjensle av at eg synest dette er litt rart, men har ikkje lyst til å seie nei, vil ikkje at han skal verte lei seg, så eg legg meg oppå han. Han tek til å stryke meg forsiktig over håret, seier at eg og han har ein hemmelegheit fordi eg er kjærasten hans. Og det skal ingen vite om, men slik er det. Okei, eg er vel kanskje det då. Eg har hørt at kjæraster kysser, og han har jo kyssa meg før. Eg likar det ikkje, men han har nok rett. Han seier at kjæraster av og til må vere litt aleine og kose seg, og det er det vi gjer no. Kosar oss. Han stryk meg nedover armane, og eg får frysningar. Frysningar fordi det kilar og fordi eg er litt anspent. Litt på vakt. Eg hugsar at eg tenker at dersom han gjer noko som er vondt, så kan eg berre seie nei. Men eg gjer det ikkje. Han stikk hendene inn i armane på T-skjorta mi og kilar meg på brystet. Eg kan ikkje hugse at nokon har gjort det før, og eg hugsar at eg helst vil at han skal slutte. Som om han skjønar at eg tenker nett dette tek han hendene ut att. Han spør barnebarnet som sit der ute om det går bra, og barnebarnet seier at det er ingen å sjå så langt. ”Det er snart din tur å kome inn her no,” seier han til han. Eg lurer på om dei to også er kjæraster. Eg veit ikkje heilt om eg eigentleg vil være kjærasten hans, eg tenker at barnebarnet kan ha han for seg sjølv. Hendene hans bevegar seg til underlivet mitt. Dei ligg der berre heilt stille utanpå shortsen. Så tek han den eine handa og kilar meg under shortsen på innsida av låra. No har eg fått nok, og prøvar å vri meg litt unda. Han tek hintet, og skubbar meg liksom ned av seg. Så seier han at det er berre ein ting til han vil før barnebarnet skal få kome inn og sjekke ut det flotte koseteltet. Han bøyer seg fram mot meg og pressar dei store, tjukke leppene sine mot mine. Dei er våte og ekle, og eg vil ikkje kjenne meir på dei. Eg kryp ut av teltet og seier at det er barnebarnet sin tur. Han kryp inn i teltet og bestefar hans ber meg halde vakt. Eg sit utanfor og tenker at dette må eg ikkje fortelle til nokon. Dette vil eg ikkje vedkjenne meg at eg har vore med på. Og dersom det er slik det skal vere å vere kjæraste med nokon, så vil eg aldri vere det heller. Mest av alt vil eg heim, eg vil at farmor og farfar skal hente meg. Eg skammar meg uendeleg. Kva som skjer inni teltet veit eg ikkje. Men eg hugsar at det er heilt musestille.
Eg verkar ha ein enorm tillit til denne mannen også etter denne hendinga. Det verkar som om alle rundt meg forgudar han, og som om alle rundt han trur at eg er umåteleg glad i han. Dei seier alltid "Veit du kven som kjem i dag?" med eit strålande smil og mykje forventning i stemma når han skal kome på besøk, og det er ikkje reint sjeldan i tida etter denne hendinga. Å beskrive alle situasjonar vil ta for lang tid, og vere tidtrøytte, men eg kjenner behov for å fortelle om den gongen eg forsto at eg ikkje kunne komme meg unda han. At eg så lenge eg ville ha kontakt med mine besteforeldre måtte rekne med at han var der.
Eg er på tur til Sverige med farmor og farfar. Onkel er også med, saman med sambuar og dottera hennar. Kameraten til farfar og kona er med med bubilen sin. Dette skal bli sommarferien frå helvete. Sommarferien med flest minne. Eg skjønar ikkje korleis det vart slik, korleis det fekk gå så langt. Episodane før burde ha vore nok til at eg greidde å ha andre der saman med oss heile tida, men det greidde eg ikkje.
Ein dag spurde han meg om eg ville kome ein tur bort i bilen til han og kona og ete vaflar. Sidan kona skulle vere der kunne eg ikkje sjå på det som farleg. Stakkars kona, ho ana nok ingenting om dette, han ville aldri prøve seg på noko medan ho var der, tenkte eg. Då eg kom bort i bubilen var ikkje kona der. ”Ho skulle berre bort og kjøpe meir smør til steiking av vaflene,” sa han. ”Du kan berre vente her inne, vi har brunost og greier til vaflane. Vi skal kose oss.” I bubilen hadde dei to sofaer. Den eine var ikkje synleg sjølv med open dør. Døra var alltid open. ”Kom hit litt, det er noko eg vil sjå på. Legg deg ned der, eg skal berre sjå på noko.” Eg hadde ikkje krefter til å stritte imot. Då eg skjøna at eg hadde gått i fella igjen mista eg all motstandskraft. Lydig la eg meg ned på sofaen som var skjult frå alt innsyn. Han drog ned shortsen og trusa mi. ”Skal berre sjå litt på tisserumpen din,” sa han. Eg hata det uttrykket, det kjendes så utruleg nedverdigande. Eg låg der heilt frosen. Såg at han putta fingrane i munnen før eg kjende den ru huda inni meg. Det gjorde vondt, men eg sa ikkje noko. Låg berre heilt stille. Prøvde å tenke på noko anna. Håpa at kona skulle kome tilbake og be han om å slutte samtidig som eg var livredd for at ho skulle kome attende og finne den skitne jenta liggande der med alle dei private områda på kroppen heilt blotta. Eg ville gråte, eg ville skrike høgt, eg ville reise heim til mamma og pappa, eg ville at farmor og farfar skulle kome og få slutt på det heile. Kvifor kom det ingen? Kor lenge han heldt på veit eg ikkje. Det kan ikkje ha vore altfor lenge, men lenge nok til at eg ikkje orka vere der meir når han ba meg kle på meg igjen. Eg møtte kona rett utanfor bubilen, ho lurte på om eg ikkje ville ha vaflar. Eg sa eg hadde spist for mykje godteri. Han hadde gitt meg 50 svenske kroner på vegen ut døra. Eg ville ikkje ha dei, hugsar ikkje kva eg gjorde med dei. Trur eg kjøpte is til dottera til tante. Veit ikkje kva eg gjorde med resten. Den sommaren misbrukte han meg fleire gongar, dei fleste gongane på same måten, med penetrering med fingrane. Det gjorde like vondt kvar gong. Og han vart modigare i forhald til kvar han gjorde det. Om han vart modig eller berre grådig, det veit eg ikkje.
Eg har mange gongar lurt på kva det var som gjorde at han fekk dette psykiske overtaket på meg. Eg var eigentleg ein sterk unge, eg sa ifrå når det var noko eg ikkje likte, men ikkje til han. Ikkje om han. Han fekk meg til å miste all motstandskraft, eg resignerte heilt. Og eg vart ein ball av skuld, skam, fortviling, sinne og angst. Eg gret om nokon sa meg imot eller gjorde noko anna enn planlagt, eg var kvalm kvar kveld og livredd for sjølv den minste ting dersom det var ukjent. Eg lærte meg imidlertid fort å skjule korleis eg hadde det, og har klart meg greit heilt til det smalt no i ein alder av 26 år. Han brukte alltid å synge "Du skal få sukkertøy og du skal få 'lade..." Den setninga kvernar igjen og igjen i hove mitt. Det verkar som eg aldri vert kvitt han.